mandag 12. september 2011

Vindenergi i Noreg

Eit av spørsmåla eg ofte får av vener er: «Er det noko vits for Noreg å forske på vindmøller? Det er jo så mange fleire i Danmark og Tyskland, dei må jo vere mykje flinkare innan vindenergi? Og kvifor treng vi vindkraft? Det er jo så masse vasskraft her, det er jo fornybar energi! » Svaret mitt ikkje eit fasitsvar, men det er grunnen til at eg har trua på at norsk vindkraftindustri har ei framtid.

Det er meir enn 30 år siden det blei starta oljeboring i Nordsjøen. Utviklinga som ein hadde i oljeindustrien då, kan på fleire område samanliknast med den utviklinga som ein står ovanfor i vindindustrien. Historisk sett var det på land ein fann olje, og i starten vart det sett på som ei umogleg oppgåve å få opp det svarte gullet frå havbotnen. I dag veit vi at det var mogleg. Noreg kan nytte den kunnskapen som ein har fått frå oljeindustrien til å bygge opp ein industri av flytande vindturbinar som kan gje grønn kraft til det europeiske kontinentet.

I starten av oljeeventyret i Nordsjøen var det ein god del utprøving av konsept. Ein av dei første boreriggane var landbasert utstyr plassert på ein flytande lekter. Dette fann ein fort ut at var ein dårleg ide, og innovative løysningar vart tatt i bruk. Ein kunne bore og finne olje på stadig djupare hav, men det har vert ein lang prosess for å komme dit ein er i dag. Eg trur at vi må gjennom ein liknande prosess for vindmøller til havs. Det er kanskje ikkje den tradisjonelle horisontalt aksla vindmølla med fire blader som er det beste konseptet å satse på?



EU har eit mål om at innan år 2020 så skal 20 % av produsert kraft vere fornybar energi. Sjølv om vi i Noreg har stort sett fornybar energi, så treng vi å se utover landgrensene og vere med å bidra til auka rein energi produksjon. Dette er avhengig av at ein bygge ut nettkapasiteten. Dersom ein får til dette vil norsk vindkraft vere eit viktig bidrag til ei reinare energiframtid, i tillegg til at ein ivaretek norsk offshore-kompetanse og industriutbygging lokalt.

Noreg er ledande innanfor utviklinga av flytande vindturbinar. Hywind, Statoils flytande vindmølle, har allereie levert straum til det elektriske nettet i over eit år. Nyleg har Sway bygget ein prototype av sin flytande vindmølle. Resten av vindindustrien henger litt etter denne utviklinga som vi har sett i Noreg.

Mitt svar til mine venner er dermed at Noreg sin framtidige kompetanse ligg kanskje ikkje ligg i den tradisjonelle landbaserte vindindustrien, men heller i den voksande vindindustrien til havs. Vi er eit land med lange tradisjonar innan offshore verksemd, vi må ta i bruk denne kunnskapen og knytte den til vindmøllene. Vi treng kanskje ikkje energien frå vinden no, men i framtida kan rein energi frå havvind verte ein ny eksportartikkel?!

3 kommentarer:

  1. Bra innlegg. Eg er heilt enig. Siri

    SvarSlett
  2. Hvor stort er det reelle vindkraftspotensialet når miljøhensyn også skal ivaretas?

    Det er bred enighet om at et bredt spekter av rene energialternativer må utvikles for å kapasitetsmessig være reelle substitutter for fossil energi.
    Hvor stor andel av dette kan vindkraft offshore utgjøre, og til hvilken kostnad?

    Ved oljeutvinning finnes det en multiplikasjonsfaktor i energiutvinningen som uteblir i vindmøller. Hvorfor er offshore vind et ren-energi alternativ det er verdt å bruke milliarder på å utvikle i Norge?

    Poenget mitt er at selv om det kreves et lengre utviklingsløp, som du nevner med eksempel fra oljeindustrien, må man også tydeliggjøre et attraktivt fremtidsscenario som viser hvorfor utviklingsløpet er verdt det.

    Finnes dette scenariet?

    SvarSlett
  3. Eurovironment As eid av w3e Europe As
    sen videre i systemet.da ser ni vem soom
    eier klimaloftet

    SvarSlett