fredag 22. januar 2010

Kva kan vi eigentlig gjere?

Eg deltok på "Kunnskapsbyen forum" i går, der klimaproblematikken og dens løyningar sto på agendaen. Med "Kunnskapsbyen" meiner vi her Kjeller/Lillestrøm, ein stad med høg konsetrasjon av teknologibedrifter, særkilt innan energiteknologi. Det var difor mange teknologar til stades, og eg kan vel trygt seie at det prega møtet.

Eg regner meg sjølv i høgste grad for å være energiteknolog, og det som kom fram på møtet fall derfor i god jord, der vi fekk foredrag om rolla vindkraft, solceller og vatnkraft speler for å finne løysinger til klimaproblemet. Men sjølv om eg er teknolog, liker eg også banale spørsmål. Gjerne med tilsvarande banale svar.

På sjølve innkallinga til møtet vart følgjande svært banale og nære spørsmål stilt: "Kva kan vi i Lillestrømområdet gjere for å bidra til å løyse klimaproblemet?".

Spørsmålet er svært enkelt, og men vi fekk ikkje noko godt svar på spørsmålet på møtet. Eg vil difor gjerne besvare spørsmålet her.


1) Transport

Vi i Lillestrømområdet kan for å bidra til å løyse klimaproblemet tenkje meir på korleis vi forflytter oss og kor mykje vi forflytter oss. Vi kan bruke mindre bil og meir tog, buss, sykkel og føtter. Vi kan handle på den lokale butikken i staden for på kjøpesenteret. Vi kan bruke mindre fly og meir tog, meir videokonferanser, telefon og e-post. Vi kan prøve å unngå lange flyreiser, særskilt med jobben men også på fritida. Vi kan kjøpe oss elektrisk bil i staden for bensinbil.

Å tenkje på korleis vi bruker transport, er den enklaste måten vi i Lillestrømområdet kan bidra til å løyse klimaproblemet raskt!

2) Energibruk

Vi i Lillestrømområdet kan tenkje på korleis vi bruker energi både heime og på jobben. Vi kan bruke mindre straum, slik at vi får meir straum som kan eksporterast til utlandet og erstatte energiproduksjon frå kol. Ved å spare energi kan vi frigjere ny energi som gjer at vi kan sleppe å ta vanskelege diskusjonar og avgjerder om utbyggjing av meir vind- og vasskraft i vakker norsk natur. Vi kan senke innetemperaturen ein grad eller to, lukke dører til rom som ikkje er i bruk, skru av lys der det ikkje trengs, bruke sparepærer og bruke mindre enn 5 minutt på å dusje. For dei som byggjer nye hus eller bygningar, er det viktig å tenkje på energibruk, både i varme og kulde.

Vi treng ikkje å ta ut mobilladaren vår frå stikkontakten når den ikkje er i bruk. Mobilladaren bruker nesten ikkje straum i det heile, så dette er det eg vil kalle placebo-klimaredning.

3) Næringsliv

Vi i Lillestrømområdet har som sagt ei høg konsentrasjon av teknologibedrifter, og dette er sjølvsagt også viktig for å bidra til å løyse klimaproblematikken. Vi kan derfor jobbe for å byggje opp eit bærekraftig næringsliv i Noreg, med ein industri som ikkje er avhengig av produksjon av fossil energi. Mange av våre naboland har klart dette, så kvifor skal ikkje vi klare det? Vi kan jobbe for at det skal bli ein enkel og smertefri nedtrapping av produksjonen av olje og gass, vi kan jobbe for å skape gode alternativ!

Vi kan ikkje godta den paradoksale retorikken til politikarane, vi må forstå at det blir for dumt om Noreg i 2050 er ein "nullutsleppsnasjon", samstundes som vi pumper opp mange hundre millioner tonn karbon per år fra Nordområdene. Dersom dette er situasjonen i 2050, vil eg skamme meg over å være norsk, og eg vil føle at vi fra Lillestrømområdet har mislukkast med det vi så gjerne ville gjere i 2010.

Hugs at enkle spørsmål med enkle svar ofte kan være det som skal til for å løyse store problem! Eg ønskjer med dette alle oss som bur i Lillestrømområdet lukke til med å bidra til å løyse klimaproblemet.

1 kommentar:

  1. Det ble en lang og slitsom debatt på http://romerike.no/-/bulletin/show/540279_hva-kan-vi-gjoere-for-klimaet

    Jeg skjønner ikke hvor klimaskeptikerne tar det pågangsmotet sitt fra...

    SvarSlett