Svar:
Nei!
Det er
lite truleg at biogass , i overskodeleg framtid, vil utgjere ein betydeleg del
av BNP i Noreg. Like vel kan biogass
utgjere ein særs verdifull del av det framtidige biletet der fornybar energi
skal dekkje ein stadig større del av Noreg sitt energibehov.
I
arbeidet mitt her ved UMB har eg mellom anna sett på sett på forbehandling av
halm og samrotning av storfegjødsel med ulike tilleggssubstrat. Det er
eigentleg ganske utruleg at mikroorganismar dannar høgverdig kjemisk energi frå
avfall og gjødsel. I følgje Raadal et.al. (2008) kan avfall og biprodukt på
landsbasis gje seks TWh i året i form av biogass. Etter utrotninga vil
substratet ved eit gardsbiogassanlegg verte nytta til gjødsel på åker til ny
fôr- og matproduksjon. Næringsemna har gjennom prosessen ikkje berre vorte
bevart men også gjort meir plantetilgjengeleg. Såleis styrker ein grunnlaget
for matproduksjon for komande generasjonar samstundes som ein hentar ut
fornybar energi.
Frå ein
kubikkmeter med flytande storfegjødsel har vi i forsøk fått over 90 kWh energi
i form av metan, medan frå matavfall har vi fått over 900 kWh per kubikkmeter. Biogassproduksjonen
vil variere etter innhald av organisk tørrstoff i substrata, samt kor lett dei
let seg bryte ned. Det å flytte
store mengder gjødsel til sentrale anlegg, vil truleg påvirke
den totale energibalansen negativt. I Sverige og Danmark har ein no byrja å sjå på konsept der ein har
biogassanlegg ute på dei enkelte gardsbruka og i staden sender gassen gjennom
røyr til sentral oppgradering. Matavfallet vert i dag til ei viss grad nytta
til produksjon av biogass ved sentrale anlegg. Ein del vert til dømes skipa til
biogassanlegg i Danmark. Matavfall og andre energirike tilleggssubstrat bør
heller nyttast ved norske anlegg, og slik styrke den nasjonale produksjonen av
fornybar energi. Det å bruke fossil energi på å transporterer energi og
næringsstoff ut av landet er svært lite framtidsretta.
Biogass
består av om lag 60 prosent metan. Etter ei enkel oppgradering kan difor biogass
erstatte naturgass. LBG (Liquid biogas) vil såleis kunne erstatte LNG (Liquid
natural gas) og vere eit godt alternativ for skip og langtransport etter veg,
medan CBG (Compressed biogas) vil kunne erstatte CNG (Compressed natural gas)
og vere drivstoff for bussar og personbilar med lang rekkevidde. Av metan frå
biogass kan ein også syntetisk lage metanol, som via produksjon av formaldehyd
kan verte nytta i produksjon av plastikk og måling. Metanol kan også verte
nytta i produksjonen av biodiesel. Viktigaste bruksområdet vil truleg like vel
vere å nytte metanen til drivstoff.
Biogass
vil såleis kunne vere ein viktig del av det framtidige energibiletet både i
Noreg og internasjonalt.
Referansar:
Raadal,
H. L., Schakenda, V., Morken, J., 2008. Potensialstudie for biogass i Norge.
Rapport . Østfoldforskning og Universitetet for miljø og biovitenskap.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar