av Lene Eliassen, Stipendiat ved Institutt for kostruksjonsteknikk og materialteknologi, Universitet i Stavanger
Når eg
fortel at eg tek ein doktorgrad innan offshore vind turbinar, så tek det ofte
ikkje lang tid før eg får spørsmålet: «Men er det eigentleg nokon framtid for
vindturbinar i Noreg? Er vindturbinar eigentleg så miljøvennlig? Eg har hørt at
Statoil har vindturbinar berre fordi dei skal vere grønne, og dei kjem aldri
til å vere kostnadseffektive?». No har eg mitt forskingsfelt innan aerodynamikk
og struktur, og er ikkje ein ekspert på økonomi og politikk. Men eg vil gjerne
forklare kvifor eg trur at min forsking, saman med den forskinga som vert gjort
av mine kollegaer i NORCOWE er viktig for norsk industri og samfunn.
Mitt namn
er Lene Eliassen. Eg er stipendiat ved Universitetet i Stavanger og er med i
forskingsenteret NORCOWE. Min avhandling har hatt arbeidstittelen «Dynamisk
analyse av offshore vindturbinar» og har hatt fokus på aerodynamikk. Det er
ikkje lenge att før eg skal levere inn avhandlinga der eg skal gi oppsummering
av det eg har lært gjennom stipendiatperioden, som har vert ein spennande og
lærerik periode. Eg har fått arbeide med det som er noko av verdas største
turbomaskineri, og samtidig bidreg med eit lite steg nærmare ein meir klimavennlig
verd. Men no er det ikkje mi forsking i detalj eg vil skrive om, men kvifor eg
synes det er viktig at ein har fokus på vind energi i Noreg.
I Noreg
er vi heldige og er forsynt med store mengder energi frå naturens side, både i
form av olje og hydrokraft. Vi har i utgangspunktet meir enn nok energi
tilgjengelig, og er ikkje avhengig av andre for å produsere energi for oss. Men
det er fleire andre som er det, og som er på jakt etter alternative
energikjelder som fortrinnsvis er fornybare. Dette er ikkje kun for å vere
miljøvennlig, men også for å unngå å vere avhengig av andre land sine varer.
Storbritannia er ein av dei landene som satser størst, og har planer om å
installere store mengder offshore vindturbinar dei kommande åra. Noreg ligg
ikkje langt unna Storbritannia og er allereie involvert i ekspansjonen av
offshore vindturbinar.
Som ein
konsekvens av oljeaktiviteten i Nordsjøen, så er Noreg ein av dei leiande
nasjonane innan marin teknologi. Det er kunnskap som kan, og bør utnyttast, med
tanke på satsinga på offshore vind som ein har i resten av Europa. Allereie så
er 1600 offshore vindturbinar installert, og enda fleire skal installerast. Statoil
var tidlig ute med Hywind, som var den første fullskala flytande vindturbinen i
verden, og som har vist seg å være ein veldig produktiv vindturbin. Statoil og
Statkraft har også gått saman og eig vindturbinpark som forsyner England med
fornybar straum.
Det er
ingen leiande norske selskap innan vindturbinar, men vi har gode selskap innan
offshore installasjon, vind- og bølgemålinger, fundamenter etc. Offshore
vindforsking er ikkje berre kor mykje ein får ut av ein vindturbin, det er også
korleis ein best kan melde veret på ein offshore vind plass eller korleis ein
lettast kan komme frå eit fartøy og over til ein vindturbin. Dette er teknologi
som vi i Noreg har ein god basis i frå offshore olje og gass, men teknologien må tilpasses det nye fagfeltet. For å få dette til treng ein å få ei betre forståing for vindturbin-teknologien, og
det er difor det er viktig med forskingssentre innan offshore vind.
Dersom eg
ikkje hadde hatt trua på at offshore vindteknologi har ei framtid i Noreg,
ville eg nok ikkje ha tatt ein doktorgrad innanfor fagfeltet. Eg trur arbeidet
som eg har gjort, der eg er med på å auke forståelsen av korleis kreftene frå
vinden er i forhold til kreftene frå bølgjene, kan vere viktig for at norsk
industri skal utvide sin offshore olje og gass kompetanse til å inkludere
offshore vind. Visste du til dømes at ein roterande vindturbin vil i nokre
tilfelle gi mindre utmattingslaster enn ein vindturbin som står i ro? Dette er
viktig å ta hensyn til når ein designer eit fundament til ein offshore
vindturbin på eit verft i Noreg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar